ico textsize.png Tekststørrelse
ico contrast.png Kontrast

Fra FYSAK og Folkehelsa

Det har kommet resultater av en unik og helt ny undersøkelse av hvor aktive nordmenn er. Dette er en vekker for oss. Les de avslørende resultatene på pressemeldingen som er vedlagt

Likeså kan du laste ned hele rapporten fra Helsedirektoratets hjemmesider. La oss komme oss ut på tur i den fine Snillfjord naturen. Det er organisert en turgruppe på Ytre Snillfjord. Mer informasjon om det kan sees på www.klubbinfo/ysil. Minner også på Kommunekampen med våre to turmål, Åhammeren og Vennaknubben. Vi kan bli sprekeste kommune i Sør Trøndelag hvis vi står på nå. Det er flere klasser som har vært på tur og planlegger å dra dit. Husk å registrere turen din på hjemmesiden.

 

Pressemelding:

 

Fire av fem nordmenn beveger seg for lite
 
For fyrste gong har helsestyresmaktene kartlagt nordmenn sitt aktivitetsnivå. Noregs idrettshøgskole (NIH) har i samarbeid med ni andre høgskular og universitet gjennomført kartlegginga på oppdrag frå Helsedirektoratet. Totalt har over 3400 personar i alderen 20-85 år teke del i kartlegginga. Undersøkinga stadfestar at det store fleirtalet av nordmenn er for lite fysisk aktive.
 
Kartlegginga er unik, sidan ein for fyste gong har nytta aktivitetsmålar saman med spørjeskjema. - Resultata viser at berre ein av fem er aktive i tråd med Helsedirektoratet sine tilrådingar om 30 minutt dagleg fysisk aktivitet, seier professor Sigmund A. Anderssen ved NIH
 
Dramatisk utvikling
- Til tross for at fleire rapporterer at dei trenar, kompenserer ikkje det for manglande aktivitet i kvardagen, seier Knut-Inge Klepp, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.  I kartlegginga av born og unge i fjor såg vi eit kraftig fall i aktivitetsnivået frå 9-åringer til 15-åringar. Om ein samanliknar data for born og unge med data for vaksne, ser ein at aktivitetsnivået fell med 31% frå 9 til 15 år og vidare med 31% frå 15 til 20 år.
- Det er inga biologisk årsak til at aktivitetsnivået skal falle slik med alderen. Det må ha noko med korleis vi legg til rette for bevegelse, seier professor Sigmund A. Anderssen ved NIH.
 
 
- Fleire må kunne gå og sykle i nærmiljøet
- For å få fleire i aktivitet er det naudsynt å legge samfunnet betre til rette. Dette inneber mellom anna å betre tilhøva for gåande og syklande, samt avgrense fordelane ved bilkøyring. Dette er både god helse- og miljøpolitikk, seier divisjonsdirektør Knut -Inge Klepp i Helsedirektoratet . Fordi vi ser ein stor nedgang i aktivitet frå ni år fram til vaksen alder, er det heilt naudsynt å få inn fleire timar med fysisk aktivitet i skulen, samt satse sterkare på kommunikasjonstiltak som støttar opp under dei samfunnsmessige tiltaka, held Klepp fram.
 
I ein rapport om inaktivitet som kom i sommar, kjem det mellom anna fram at aktivitetstilboda må vere lagt til rette også for dei som ikkje er veldig spreke. Dersom ein vil ha fleire i aktivitet må aktivitetane tilpassast betre   den einskilde.
- Dette er eit viktig signal, og understrekar behovet vi har sett for gode lågterskeltilbod der folk er, seier Klepp. Vi ser at det er eit stort potensial for å auke aktiviteten i befolkninga. Med ei aldrande befolkning og auke i livsstilssjukdomar er fysisk aktivitet god medisin både for samfunnet og den enkelte, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp.
 
 
Om undersøkinga
Undersøkinga kan lastast ned på Helsedirektoratet sine nettsider : lenke
Undersøkinga er gjennomført av Norges idrettshøgskole(NIH) i samarbeid med ni andre høgskular og universitet. Undersøkninga er gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet
Ein har nytta aktivitetsmålar i kombinasjon med spørjeskjema, noko som gjer dette til ei unik studie i verdssamanheng. Aktivitetsmålaren er et lite elektronisk apparat som gir mye og nyansert informasjon om den bevegelsen personen utfører.
Deltakarene har gått med ein aktivitetsmålar på kroppen i 7 dagar og svart på spørjeskjema.
120 kommunar har teke del
 
Nokre funn:
20 prosent oppfyller anbefalinga om å vere moderat fysisk aktiv 30 minutt kvar dag
22 prosent av kvinner oppfyller anbefalingane, mot 18 prosent av mennene
Aktivitetsnivået er relativt stabilt frå 20-årsalderen til 70-årsalderen
Det er fleire inaktive personar med låg utdanning
Overvektige har lågare aktivitetsnivå enn normalvektige
Regionale skilnadar: Nord-Noreg og Finnmark har gjennomsnittleg lågare aktivitetsnivå enn andre fylker i undersøkinga
Sesongvariasjonar: Nordmenn er mindre aktive om vinteren enn elles i året
Nordmenn er meir aktive i helgene enn på vekedagane

 

Tips en venn  Skriv ut